Merete Fjeldavlie
Merete Fjeldavlie | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. august 1968 (56 år) Oslo |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 1992 |
Merete Fjeldavlie (fødd 13. august 1968) er ein norsk tidlegare alpin skirennar som i tida 1987-2001 vann sju NM-gull, tre i storslalåm og eitt kvar i slalåm, super-G, utfor og kombinasjon. Ho vann i 1992-sesongen eit verdscuprenn i super-G. Fjeldavlie var medlem i Kongsberg IF og seinare Rjukan IL.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Fjeldavlie tok steget opp i noregseliten i 1987-sesongen, då ho vart norsk meister i storslalåm og tok bronsemedaljen i slalåm då norgesmeisterskapen fann stad i Tromsø. Året etter vann ho gull i slalåm og sølv i storslalåm under NM 1988 i Ål. Gull og sølv sanka ho også i NM 1990 i Hakadal, men då i motsette øvingar.
Fjeldavlie deltok i Vinter-OL 1992 i Albertville, der ho som best vart nummer 15 i storslalåm. Få veker seinare, i mars 1992, rann Fjeldavlie ned til verdscupsiger i ei super-G-tevling i Vail i Colorado, framom austerrikaren Petra Kronberger og franske Carole Merle, noko som førte til at Fjeldavlie kom på andreplassen i kampen super-G-pokalen 1992. Ho avslutta OL-sesongen med å verte norsk meister i storslalåm for tredje gong.
Dei neste sesongane var Fjeldavlie mykje plaga av skadar, og det var fyrst i 1996 og 1997 ho var i stand til å plukke medaljar i norske alpinmeisterskap. Fyrst i 2001 makta ho på ny å vinne norske meisterskapstitlar, ho triumferte då i både super-G og i utforrennet under NM i alpine greiner i Narvik. Tidlegare i same sesongen gjorde ho sitt beste resultat i ein internasjonal meisterskap med niandeplassen i utfor under VM i alpine greiner 2001 i St. Anton. 33 år gammal la ho opp som aktiv alpinist.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar.